0-1
0-2
Heia87'
1-3
1-4
Supporterfordeling på VG
396
772
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei, og velkomen til denne livedekninga av oppgjeret mellom Spjelkavik og Molde i første runde av Norgesmesterskapet for herrer.
    Dette blir den første obligatoriske kampen for Spjelkaviks mannskap sidan 2019. Molde er på si side i full sving med både heimleg serie og kvalifisering til europaspel, kor dei parkerte sveitsiske Servette med 3-0 tidlegare i veka.
    Laga møtte kvarandre sist i cupen i 1999. Den gongen kunne Molde reise heim med 8-1 i bagasjen. Dåverande Molde-trenar Erik Brakstad fortalte til Sunnmørsposten at han var imponert over den høge spissen hjå heimelaget. Ti år seinare skulle Tor Hogne Aarøy få sin revansje mot Molde, då eit hodestøt i andre ekstraomgang frå den 204 cm lange spissen var med på å sikre Aalesund sitt første norgesmesterskap i ein dramatisk finale på Ullevaal Stadion.
    Som venta er det mykje rotasjon hjå gjestande lag. Det gir utslag i mellom anna to debutantar i Mathias Løvik og Niklas Ødegård. På topp får vi også sjå den mykje omtalte Datro Fofana. På benken kan ein også merke seg fetteren til Erling Braut Haaland. Altså Albert Braut Tjåland. Ungguten gjekk viralt på nettet med ein lite kildekritisk målstatistikk. Sjølv om kanskje det ikkje stemte heilt med den fantastiske målstatistikken, har han fått gode skussmål frå treningsfeltet og det er nok ikkje utan grunn at han er å finne i kamptroppen.
    Skal ein tru klubben sjølv, er det solgt 800 billettar til dagens kamp. Utsolgt med andre ord.
    Kampen har startet
    0'
    Molde tek avspark og går rett i angrep. Vinn eit innkast høgt i bana.
    1'
    Hjørnespark til Molde.
    2'
    God moglegheit for gjestane. Ballen sprett i feltet og Bjørnbak får avslutta, men forsøket blir blokkert av ein Spjelkavik-spelar.
    2'
    Frispark til heimelaget i god innleggsposisjon. Blir stanga ut av feltet og Spjelkavik må starte på nytt.
    4'
    Grødem kjem til avslutning frå litt skrått hald. Keeper viser at han har kontroll og ballen trillar utanfor buret.
    7'
    Eit innlegg frå vertane går heilt inn i Petersens trygge favn.
    11'
    Ein feilvendt Tobias Sagli får snudd seg og avslutta, men skuddet blir for svakt.
    12'
    Wow! For ei redning av Henrik Reite Hansen på eit skudd frå fem meter av Brynhildsen!
    13'
    Småfarleg corner, men avslutingsforsøka i feltet blir blokkert.
    13'
    No skjer det mykje! Spjelkaviks sisteskanse med nok ei feberredning på ei stupheading frå Grødem. Så stormar heimelaget i angrep og under press får Simon Vågnes avslutta, men skuddet går over. Gode moglegheiter til begge lag.
    17'
    Så er det Fofana som får reve seg laus, men skuddet blir blokkert på strek.
    18'
    Kva er Spjelkavik sin sisteskanse lagd av? Breivik headar, men nok ein gong er keeper med på notane.
    18'
    Ender i ingenting.
    19'
    Breivik med eit 'professional foul', dommar bestemmer seg for å ikkje gi kortet. Dette til stor frustrasjon for heimelaget spelarar.
    23'
    Så er det drikkepause på grunn av varmen. Når sist skjedde det på Sunnmøre?
    25'
    Fofana er på farta og då blir det farleg. Han serverar 17-åringen Niklas Ødegård. Ungguten sleivar ballen langt utanfor.
    26'
    Plutseleg er Spjelkavik tre spelarar mot ein. Dei kjem til eit halvgodt forsøk som blir blokkert til hjørnespark.
    27'
    Gult kort til Spjelkavik IL
    Sondre Skulstad
    27'
    Klarerast til nytt hjørnespark.
    29'
    Går over heile feltet. Femmeter.
    30'
    Fofana får pressa fram eit hjørnespark.
    32'
    Hjørnespark til Molde
    32'
    Mål for Molde!
    Spjelkavik IL 0 - 1 Molde
    Mål: Magnus Grødem
    Målgivende: Fredrik Aursnes
    Ballen blir spelt ut av feltet, men Molde kjempar seg tilbake inn i feltet. Så får Aursnes tilbake ballen på Molde si høgreside og plutseleg er Magnus Grødem aleine i feltet. Han stangar inn ballen bak den første halvtimens mur, Henrik Reite Hansen.
    32'
    Stor sjanse for Fofana som får ballen etter litt klabb og babb i feltet og hælsparkar ballen på mål. Der ligg Reite Hansen og stoppar ivorianeren.
    35'
    Hjørnespark til heimelaget etter eit langt innkast.
    36'
    Ender med innkast til heimelaget.
    36'
    Hjørnespark til Molde.
    38'
    Blir tatt kort og Grødem kolliderar med ein spelar hjå heimelaget. Frispark til Molde i god posisjon.
    38'
    Blir først klarert, med mykje folk i feltet gjer Molde eit nytt forsøk på å lempe inn ballen. Linjedommar vinkar for offside.
    40'
    Heimelaget jobbar fram eit hjørnespark.
    40'
    Klarerast.
    40'
    Brynhildsen og Molde stormar i angrep og plutseleg er Fofana i god posisjon. Frå kloss hold får spisstalentet avslutta, men den blir enkel for heimelagets keeper.
    42'
    Eg trudde John Arne Riise var jugendbyens selvskrevne innkastkonge. Det stemmer ikkje. Det er Øyvind Hagen for heimelaget. Det er farleg kvar gong Spjelkavik vinn innkast over midtbana, for Hagen får ballen inn i feltet. Alltid.
    44'
    Brynhildsen kjem til avslutning, då ballan landar deilig på foten til Bærums-guten. Diverre blir draumen om scoring i krysset erstatta med ei lompe som går ein drøy meter over mål.
    45'
    Pause
    45'+2
    Molde er i leiinga til pause, utan å imponere nevneverdig. Draumen om cup-bombe lev i beste velgåande for heimelaget, men det er mykje takket være sisteskansen, Henrik Reite Hansen. Fleire monsterredningar stoppa forsøk frå mellom anna Grødem, Fofana og Brynhildsen. Likevel var han sjanselaus då Aursnes fann pannebrasken til Grødem etter at det var spelt ein halvtime. Elles er det lov å merkje seg at heimelaget er skumle på kontringar og Molde tømte seg tidvis i bakre rekker. Kan sunnmøringane utnytte dei betre, kan vi plutseleg få ein spennande og kanskje lang ettermiddag på Spjelkavik Stadion.
    2. omgang
    45'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Adrian Ugelvik
    Ut: Erling Knudtzon
    46'
    Frispark til Spjelkavik på 40 meters hald inn på Molde sin halvdel. Blir klarert.
    48'
    Frispark i same posisjon, til same lag. Går ut til utspel frå Oliver Petersen.
    48'
    Mathias Løvik hamrar ballen mot mål frå 10 meter. Henrik Reite Hansen har ingen planar om å senke nivået sitt frå første omgang. Boksar den ut av farleg område.
    50'
    Mykje upresist frå begge lag no.
    54'
    Frispark til Molde i draumeposisjon når Brynhildsen blir tatt. 18 meters hald. Mange som meldte seg på i det frisparket skal bli tatt. Det kan sjå ut som det er Bjørnbak som skal ta det.
    57'
    Det var rett og slett eit skrekkeleg forsøk. Ikkje så mykje meir å seie om det.
    58'
    Romsdalingane trillar ball og det på lekkert vis. Adrian Ugelvik får ballen med god tid til å lade kanonen. Det er bra trøkk i skuddet, men det går ein halv meter over mål.
    61'
    Bjørnbak med nydeleg ball til Brynhildsen som går for eit nedtak i rein Bergkamp-stil. Fasaden blir brutt og ballen sprett inn til heimelagets keeper.
    61'
    Mål for Molde!
    Spjelkavik IL 0 - 2 Molde
    Mål: David Datro Fofana
    Målgivende: Fredrik Aursnes
    Der sitt den for Fofana! Aursnes spelar ballen til Moldes ivorianske spiss. Han sett på turboen og seier farvel til heimelagets stopparar. Aleine med Henrik Reite Hansen sett han ballen til venstre for keeper og det er fortjent.
    62'
    Mål for Molde!
    Spjelkavik IL 0 - 3 Molde
    Mål: Ola Brynhildsen
    Målgivende: Magnus Grødem
    Så er det plutseleg tremålsleiing for bortelaget. På eit innlegg utførar Grødem eit frykteleg mottak, som plutseleg blir ein flott assist til Brynhildsen som på volley bankar ballen i nettet.
    64'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Eirik Hestad
    Ut: Ola Brynhildsen
    65'
    Spillerbytte - Spjelkavik IL
    Inn: Halvor Skaro
    Ut: Øyvind Hagen
    Kampen blir ein attraksjon fattigare i det mannen med dei lange innkasta går ut.
    66'
    Eit frispark frå Molde litt over midtbanestreken blir tatt kort, noko som viser seg å vere ein lur variant. Diverre for gjestane er ikkje påfølgande innlegg frå Eirik Hestad godt nok.
    68'
    'Årre heite de' ropast det på tribuna i det ein Spjelkavik-spelar ladar foten og sender ein kanon rett over målet til Petersen.
    71'
    Fofana spring frå forsvaret til sunnmøringane, og kan servere Grødem på blank kasse. Det gjer han ikkje, men Molde får hjørnespark.
    72'
    Grødem får avslutta, men keeper held ballen i fast grep.
    72'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Gustav Nyheim
    Ut: Martin Bjørnbak
    74'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Anders Børset
    Ut: Fredrik Aursnes
    74'
    Molde med full kontroll no. Og etter at Øyvind Hagen forlot bana, får vi heller ikkje sjå dei skremmande lange innkasta inn i boksen.
    76'
    Spillerbytte - Spjelkavik IL
    Inn: Jonas Myrseth
    Ut: Sigurd Tafjord
    77'
    Fofana i fint driv og får satt ballen i nettet, men det er avblåst for offside.
    79'
    Spjelkavik vinn frispark i farlig posisjon etter at Ugelvik er for tøff i ein duell.
    79'
    Frisparket går i Molde-muren.
    80'
    Eit langt innkast blir heada ut av Birk Risa. Hjørnespark for vertane.
    80'
    Blir klarert.
    81'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Albert Braut Tjåland
    Ut: David Datro Fofana
    83'
    Heimelaget får klarert.
    84'
    Breivik får behandling for ei skade.
    85'
    Spillerbytte - Spjelkavik IL
    Inn: Nataniel Iserni Jønsson
    Ut: Tobias Sagli
    85'
    Mål for Spjelkavik IL!
    Spjelkavik IL 1 - 3 Molde
    Mål: Øyvind Wilmann Heia
    Ein real skrell av Oliver Petersen som blandar seg unødvendig inn i ein duell etter at ein lang ball blir slått inn i feltet. Øyvind Wilmann Heia seier 'tusen takk' og trillar ballen i det tomme buret etter at Petersen bommar på utboksinga.
    87'
    Gult kort til Spjelkavik IL
    Jorgen Eilertsen Fylling
    Grisetakling på Eirik Hestad. Blir ikkje meir gult enn det.
    90'
    Det er lagt til fem minutt.
    90'+2
    Mål for Molde!
    Spjelkavik IL 1 - 4 Molde
    Mål: Albert Braut Tjåland
    Målgivende: Gustav Nyheim
    Erling Brau.... Albert Braut Tjåland, født i 2004, scorar for Molde! Gustav Nyheim fossar framover ein mot ein, og blir takla. Tjåland plukker opp ballen og sender den forbi heimelagets keeper.
    90'+3
    Uegoistisk av Tjåland som prøver å servere Gustav Nyheim. Sistnevnte får ikkje stokka beina, og det er nok det siste som skjer i kampen.
    90'+6
    Kampen er slutt
    90'+6
    Då er vi ved veis ende i Spjelkavik. Ingen stor prøvelse for Molde dette, men bakerst mann hjå heimelaget skapte stor frustrasjon med elleville redningar. Det tok 30 minutt før Molde fekk hol på byllen med Magnus Grødem. Likevel våkna gjestane litt til utover i 2. omgang og satte nummer to med Datro Fofana og nummer tre med Ola Brynhildsen. Med 87 minutt på klokka, kunne Øyvind Wilmann Heia trille inn ei redusering for heimelaget. Likevel er det godt å sjå at dei dyrkar andre ting enn potet, agurk og tomat på Jæren. Ein ny Braut fekk vist seg fram i sluttminutta, og heilt på tampen av kampen kunne 17-åringen Albert Braut Tjåland sette Molde si fjerde scoring. Spjelkavik kjempa heroisk i 90 minutt og fekk ei fortjent scoring. Likevel var dette grei skuring for gjestane, kor fleire unge fjes fekk prøvd seg. Eg unnar dei som kom inn på slutten ei god svele på ferga over til Molde. Mitt namn er Arne Inge Solgard, og eg ønskjer dykk ein fortsatt fin ettermiddag/kveld.
VG Live er en del av Schibsted. Schibsted er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her