Slutt E.E.O.

1-0

1-0
Supporterfordeling på VG
956
840
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei og velkomen til det meget spanande 2. runde-oppgjeret i NM mellom Hødd og Aalesund!
    Det er ein skikkeleg lokalduell på Høddvoll i dag, og forhåpentlegvis betyr det mykje publikum og bra trøkk på tribunene. Hødd og Aalesund har hatt mange intense oppgjer gjennom åra, og sidan 1991 har dei møttest 26 gongar. Her er statistikken 10-7-9 i favør laget frå Ulsteinvik. Rollene har derimot snudd litt sidan tidleg 2000-tal, då AaFK rykka opp til Eliteserien.
    I NM-samanheng har laga kjempa mot kvarandre seks gongar i nyare tid. Aalesund har avansert fem av gongane, sist i 2022 då dei tok ein sjeldant komfortabel 3-0-siger. Hødd gjekk på si side vidare i 2015, då Magnus Myklebust sikra 1-0-siger.
    Det mest kontroversielle oppgjeret kom nok i 2011, då AaFK utlikna til 1-1 heile fem minutt på overtid. Få i heimepublikummet forstod kvifor domaren den gongen la til så mykje. Heilt på tampen av 2. ekstraomgang sørgja så kulthelten Michael Barrantes for 1-2 og avansement.
    Begge laga er godt i gong med oppvarminga, og vi er ca 20 minutt unna avspark. Sol og fine forhold i Ulsteinvik.
    Hødd har fortsatt ikkje fått sving på sakene etter at laget rykka ned til 2. divisjon i fjor. Marius Bøe er ny hovudtrenar, og har erfaring frå klubbar som Sogndal, Lillestrøm og nettopp AaFK. Etter dei tre første seriekampane ventar dei framleis på den første sigeren. Det blei uavgjort borte mot Eik Tønsberg i premieren, men etter det har det blitt tap for Brann 2 og Jerv.
    Ting har heller ikkje fått som smurt i Ålesund under Christian Johnsen. Laget ligg på 12. plass med 1-1-2 etter dei fire første rundene. Sist blei det 3-1-tap borte mot Egersund.
    Begge desse klubbane har fin NM-historie å sjå tilbake på. Hødd tok som kjent eit svært overraskande gull i 2012, då Ørjan Nyland redda det meste som kom og sørgja for at laget vann straffesparkkonkurransen mot Tromsø. Aalesund har endå meir å vise til, og tangotrøyene fekk løfte pokalen både i 2009 og 2011.
    Ein bra Stormen-gjeng har også teke turen frå Ålesund for å støtte laget sitt. Vi satsar på at dei lagar ei flott ramme rundt kampen i lag med Hødd sine Blåsarane!
    Kveldens domar er Mathias Smehus Kringstad frå Valder IL.
    Bortelaget vinn myntkastet og dermed må Hødd spele med sola i augene.
    Kampen har startet
    0'
    Bortelaget prøvar å slå raskt i bakrom, men Alme kjem ut og fangar ballen.
    0'
    Store sjansar for bortelaget! Atanga curlar ballen nydeleg mot mål, men treff stolpen. På returen er det vel Kilen som avsluttar høgt over mål.
    2'
    Urnes på eit fint raid langs AaFK si høgre side. Blir dytta over ende og får frispark like ved cornerflagget.
    6'
    Blir slått lavt mot første av Kallevåg, men bortelaget får ordna opp.
    6'
    Ny bra sjanse for bortelaget! Sander Kilen får tid og rom utanfor boksa, men plasserer ballen til side for mål.
    6'
    Hødd slår i bakrom, men rutinerte Grytebust kjem ut og bankar ballen på tribuna.
    7'
    AaFK kontrar ved Braga, men det avgjerande innlegget kjem for nært Alme som plukkar lett.
    8'
    Blir slått altfor langt bak, og AaFK får berre nikka ballen ut til utspel frå Alme.
    9'
    Nære på at Elveseter finn innleigde Myrlid med ein stikkar. Sistnemnde kjem frå Brann.
    10'
    Nervøst bakerst hos AaFK i det Myrlid jagar ei bakromspasning. Endar med frispark til oransjetrøyene.
    11'
    Eit innlegg frå AaFK si venstreside går i tverrleggjaren og vidare ut i feltet. Alme ser likevel ut til å ha kontroll.
    13'
    Veldig nære for Hødd! Elveseter sender i veg eit nydeleg skot frå utanfor boksa som dessverre går i tverrleggjaren og ut. Meget godt forsøk frå den ettertrakta spelaren.
    13'
    Braga rundlurer Murray og legg skummelt inn. Corner.
    15'
    Blir nikka unna ved første stolpe.
    15'
    Johannsson slår skummelt inn frå venstresida, men heller ikkje no er AaFK hissige nok inne på femmeteren. Alme fangar ballen.
    16'
    Går gjennom heile feltet før bortelaget til slutt får klarert.
    19'
    Gult kort til Aalesund
    Simen Haram
    Hødd prøvar å kontre, og Haram kjem for seint inn i ei takling på Murray og blir belønna med det gule kortet. Sistnemnde speler mot sine tidlegare lagkameratar i dag.
    20'
    Blir skummelt slått inn i boksa av Kallevåg, og ein Grytebust på halvdistanse rotar med utboksinga. Dessverre for heimelaget klarer dei ikkje å utnytte det.
    22'
    AaFK kjem seg veldig enkelt gjennom Hødd i det dei køyrer ein overgong, men unøyaktigheit på siste 1/3 øydelegg.
    23'
    Hammer kjem seg inn i Hødd si boks med ballen, men blir kontant stogga av Johansen. Blir liggjande etterpå. Corner for bortelaget.
    24'
    Alme snappar ballen og prøvar å kaste fri Håheim-Elveseter i bakrom, men det heile blir for unøyaktig.
    24'
    AaFK har til tider verkeleg herja med høddarane på venstresida. Hjelmeseth, Murray og Johansen har slitt 1 mot 1.
    26'
    Christian Johnsen har tydeleg blitt varm i sola. Har kasta jakka på bakken, og det spørs om han ikkje angrar på den store overtrekksbuksa også.
    28'
    Alme plukkar igjen. Har vore solid i boksa hittil, 27-åringen.
    28'
    Gult kort til Hødd
    Andreas Fjørtoft
    Unge Fjørtoft slurvar med nedtaket og endar i staden med å felle Atanga som snappar ballen. Litt strengt frå domar Kringstad, men greitt nok.
    30'
    Frispark til bortelaget inne på Hødd sin halvdel. Skal bli slått inn i boksa.
    31'
    Ballen dett ned i feltet og ein AaFK-spelar går i bakken. Domaren vinkar spelet vidare, og det er heller ikkje mykje protestar frå dei oransje.
    32'
    Myrlid får ein spelar i ryggen i ein duell og Hødd får frispark. Blir teke kort. Har slitt stort mot Hopland og Vatne i duellane hittil, den Brann-innleigde spissen.
    33'
    Tage Johansen blir sittande etter ein duell. Kjem seg på beina til slutt.
    39'
    Hødd slår mykje langt, sikkert for å ikkje ta for mykje risiko. Samtidig har AaFK vunne dei fleste duellane. Tydeleg at heimelaget manglar ein spelar som Alfred Scriven, som nyleg gjekk til Bryne.
    40'
    Kjempesjanse for Braga! Spissen får gå rett gjennom Hødd-forsvaret, men klarer til slutt ikkje å overliste Alme som gjer ei god redning. Hødd-trenar Marius Bøe bør føreta seg noko i forhold til Hødd si høgreside. Dei har slitt stort defensivt hittil i oppgjeret.
    41'
    Nydeleg pasningsforsøk frå Murray til Elveseter som jagar i bakrom. Nesten at vingen får teke ned kula.
    43'
    Gult kort til Hødd
    Torbjørn Kallevåg
    Blir for sein inn i ein duell og får det gule kortet.
    43'
    Frispark til AaFK i fin posisjon. 20-21 meter frå mål, litt spiss vinkel.
    44'
    Blir lempa inn i boksa der Mulac stangar unna.
    44'
    Bortelaget stoppar ei Hødd-kontring på ulovleg vis.
    44'
    Gult kort til Aalesund
    Davíd Jóhannsson
    Hindrar Hødd å gjennomføre ei kontring.
    44'
    Mulac med ein stygg ballmiss, og det er nære ved at Atanga får storme igjennom mot Hødd-målet.
    45'+1
    Pause
    45'+1
    Det står 0-0 til pause mellom Hødd og AaFK, eit resultat heimelaget bør vere mest fornøgde med. Martin Håheim-Elvester hadde eit tverrleggarskot for heimelaget, men bortsett frå det har dei oransje vore mest farlege. Laget har skapt mykje trøbbel for dei blå, og også kome til fleire store sjansar. Det er meget spanande på Høddvoll, så her er det berre å gle seg til 2. omgang!
    2. omgang
    45'
    Aalesund koplar grepet umiddelbart her.
    46'
    Nokre gode minutt frå Hødd. Mange gode kombinasjonar anført av Elveseter, men ingenting som endte opp som sjansar.
    49'
    Veldig mange touch hos begge lag no. Då blir det lite tempo og framdrift.
    55'
    Vatne Haram dreg Kallevåg i trøya, men domaren lar spelet gå. Lev farleg der, midtstopparen.
    57'
    Ikkje spelt ein time endå, men det er strekk i begge laga. Mykje rom sentralt til tider.
    59'
    Innoverskrudd. Alme er uredd og går ut i feltet og boksar. Atanga får ballen i returromet, men sender skotet utanfor.
    60'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Daniel Brandal
    Ut: Martin Håheim-Elveseter
    61'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Isak Skotheim
    Ut: Robin Hjelmeseth
    62'
    To nye mann i angrepstrioen for Hødd.
    62'
    Hødd prøvar seg i bakrom, men Brandal blir avvinka for offside.
    64'
    Hødd held fram med å slå langt mot Myrlid, men spissen held fram med å tape dei fleste duellar.
    65'
    Ganske laber periode i kampen no. Veldig lavt tempo.
    65'
    Braga får eit håplaust innlegg bakerst i feltet, og kan berre saksesparke den utover sidelinja.
    66'
    1408 tilskodarar på Høddvoll i dag. Det er godkjent!
    67'
    Gult kort til Hødd
    Trace Akino Murray
    Kjem for seint inn i ei takling. Frispark til AaFK i grei innleggsposisjon.
    68'
    Alme plukkar nok ein gong som ein konge i feltet, men treff ikkje på den raske igongsetjinga.
    69'
    Stor sjanse for Hødd! Murray trillar inne i boksa til Kallevåg som kjem løpande. Dessverre for dei blå sender han skotet over.
    70'
    Hødd med ein bra sjanse til å kome fri i bakrom, men den avgjerande stikkaren frå Fjørtoft blir altfor svak.
    72'
    Kilen skjer innover og avsluttar via ein Hødd-spelar og inn i klypene til Alme.
    72'
    Under 20 minutt att å spele no. Slik ting er i augneblinken kan dette vippe begge vegar.
    74'
    Det mest merkelege er at AaFK har slokna så pass. Tangotrøyene hadde ein frisk 1. omgang, men har vore svake etter kvilen.
    74'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Iver Hagen
    Ut: Trace Akino Murray
    74'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Fredrik Gjerde
    Ut: Elias Myrlid
    75'
    Bra forsøk for Hødd! Heimelaget klarer å halde oppe trykket, men den avgjerande avslutninga frå Skotheim blir for enkel å ta for Grytebust.
    76'
    Veldig nære for Hødd! Brandal rundar ein Grytebust på bærtur, men klarer ikkje å få avslutta eller gitt ballen vidare.
    78'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Martin Ramsland
    Ut: Davíd Jóhannsson
    79'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Amidou Diop
    Ut: Eivind Kolve
    79'
    Utruleg tamt det 1. divisjons-laget Aalesund presterer no. Lenge sidan dei har skapt noko.
    81'
    Altfor ofte stygge feil hos Hødd. Enkle pasningsfeil og dårlege mottak. Heldigvis for dei har det ikkje straffa seg skikkeleg endå.
    82'
    Småfarleg for bortelaget. Maksimov sender ballen lavt gjennom feltet, men ingen andre i oransje er på den.
    85'
    Andreas Fjørtoft ligg nede. Det spørs om det ikkje må bytast her.
    86'
    Lang kast for AaFK. Blir nikka unna ved første.
    88'
    Skummelt innlegg igjen frå Maksimov. Blir klarert av heimelaget.
    88'
    Hødd med frispark midt på bortelaget sin halvdel.
    90'
    "Heia Hødd!" rungar på stadion.
    90'
    Bortelaget får rydda vekk frisparket, men Hødd beheld initiativet.
    90'
    Innkast høgt i bana for blåtrøyene.
    90'+1
    Fjørtoft går i bakken inne i AaFK si boks og nesten alle på Høddvoll ropar på straffe. Det endar istaden med frispark imot.
    90'+2
    Gult kort til Hødd
    Isak Skotheim
    Får det gule for protestar.
    90'+2
    Brandal er nære ved å storme igjennom feltet, men bortelaget får takla i siste augneblinken.
    90'+4
    Blir nikka vekk.
    90'+4
    Pause
    90'+4
    Det står framleis 0-0 her på Høddvoll, og straks er vi klar med ekstraomgongar. Hødd var det beste laget siste del av den ordinære tida, men klarde ikkje å skape altfor mange store sjansar. Her kan alt skje, så det er berre å glede seg!
    1. ekstraomgang
    90'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Andreas Televik
    Ut: Andreas Fjørtoft
    90'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Sebastian Berntsen
    Ut: Thomas Grøgaard
    90'
    Blikstad glir som bakerste mann og er nære ved å la Kilen storme åleine igjennom, men i siste augneblink klarer han å pirke kula bort.
    92'
    Gult kort til Hødd
    Marius Bøe
    Hovudtrenar Bøe får det gule kortet for å klage på at AaFK ikkje får gult kort i ein situasjon.
    94'
    Televik kjem til avslutning frå skrått hald. I nettveggen.
    95'
    Gult kort til Aalesund
    Håkon Hammer
    Går stygt inni Kallevåg og får eit klart gult kort.
    96'
    Hjørnespark til Hødd
    97'
    Mål for Hødd!
    Hødd 1 - 0 Aalesund
    Mål: Andreas Televik
    Televik blir spelt fri inne i boksa før han plasserer kula lekkert til side for Grytebust. 1-0 til Hødd, og det er rett og slett fortent ut i frå spelet den siste halvtimen.
    97'
    Kan Aalesund svare her da? Dei må i alle fall opp fleire hakk.
    98'
    Ramsland får eit skot blokkert, før Hopland sender returen langt utanfor.
    100'
    AaFK har i alle fall plukka opp hansken her. Langt meir futt i dei no, men fortsatt har dei ikkje skapt ein stor sjanse på veldig lenge.
    101'
    Og der kjem sjansen! Ramsland vinn ein duell inne i Hødd si boks, men headinga går over mål. Bra forsøk.
    102'
    Ein AaFK-spelar skjer innover langs kortsida mot Hødd sitt mål der han går i bakken i ein duell med ein Hødd-spelar. Domaren let spelet gå, men det såg uansett ut til å vere på utsida.
    104'
    Frispark til bortelaget i veldig god posisjon. Like ved det eine hjørnet på sekstenmeteren.
    105'
    Dett farleg ned i feltet, men Alme får til slutt landa på ballen.
    105'+1
    Pause
    105'+1
    Hødd leiar 1-0 etter scoring ved Andreas Televik. Etter målet har AaFK pressa veldig på, men utan å skape altfor mange sjansar. No spørs det om Ulsteinvik-laget skal klare å halde unna, eller om Aalesund skal kome tilbake.
    2. ekstraomgang
    105'
    AaFK spelar mot sola i den siste omgongen.
    105'
    Alle i blått på 22-23 meter og inn.
    105'
    Bortelaget trillar og trillar.
    107'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Kristian Lonebu
    Ut: Isaac Atanga
    Lonebu, som står oppført som nummer 32, men har 39 på drakta, kjem inn.
    107'
    Berntsen fyrer av frå veldig langt hald. Enkelt for Alme.
    109'
    Berntsen kjem på ein bra overlap, men pasninga meint for han går rett utover sidelinja.
    110'
    Gjerde bankar ballen i ein AaFK-spelar og til utspel. Så blir det ein lenger stopp i spelet når Alme set seg ned og må få behandling. Brukar tida godt no, Hødd.
    112'
    Stor sjanse for AaFK! Lonebu headar eit flott innlegg frå Maksimov like utanfor. Den såg nok mange i nettet!
    113'
    Hødd kjem seg knapt ut av eigen sekstenmeter no. Kan dei klare å stå imot her da?
    115'
    Alme er nok ein gong stor i feltet og kjem ut og plukkar eit innlegg frå høgre.
    115'
    Nytt innlegg frå Maksimov. Blir nikka vekk.
    116'
    Bortelaget speler ballen utover sidelinja og Hødd kan bruke tid.
    117'
    Stor sjanse for AaFK! Diop får stige åleine til vers på eit innlegg, men Alme reddar med eit tigersprang.
    117'
    Diop prøvar å få til noko i Hødd si boks, men rotar ballen utover linja.
    119'
    Televik dreg seg mot cornerflagget og blir felt. Brukar endå meir tid Hødd no.
    120'
    Innkast høgt i bana for AaFK.
    120'+1
    Alme fangar den igjen!
    120'+1
    Kampen er slutt
    120'+1
VG Live er en del av Schibsted. Schibsted er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her