Supporterfordeling på VG
508
1 048
Alle oppdateringer
Høydepunkter
Author avatarKampen dekkes av NTB
    Hei, og velkommen til denne livedekninga i Norgesmesterskapet i fotball for herrer mellom Ready og Strømsgodset.
    For dei som ikke kjenner til heimelaget så godt, så kan eg fortelje at dei held til på Oslo sin betre vestkant. Frå bana kan ein skimte hopptårnet lengre oppe i kollen, med ei rik forhistorie. Til vanleg spelar dei bandy på kunstisen som ligg under kunstgraset, men det er ikkje tilfelle i dag. I dag er det nemleg duka for ein flott kveld med fotball.
    Ready tok seg greit vidare i første runde mot Grei, kor heimelaget sigra etter 4-0 og hattrick av Mathias Bråten på 20 år. Kanskje kan unge Bråten skape trøbbel for Godset i kveld også? Dagens gjestar får i kveld nok ein bortekamp etter at dei vant 2-0 borte mot Hønefoss på AKA Arena.
    Det er perfekt fotballvær her i Holmenkollen i dag. Rett under 20 grader og opphold.
    Laga entrar bana til stemningsmusikk og høglytte rop frå tilreisande fans.
    Kampen har startet
    0'
    Der sparkar vi i gong oppgjeret... for andre gong. Dommar var ikkje nøgd med litt vel ivrige Godset-spelarar som var over midtstreken i det heimelaget skulle ta avspark.
    1'
    Ready er på vei gjennom og Sætra må ut for å heade ballen foran Gowran frå vertane. Det greier han i siste liten!
    2'
    Godset er gode i det dei trillar ball på Ready sin halvdel. No vinn dei eit hjørnespark.
    4'
    Valsvik får ikkje til å gå opp i lufta og Ready får klarert.
    4'
    Eit innlegg blir blokkert og Godset vinn endå ein corner.
    5'
    Klarerast.
    5'
    Sætra med ein lekker skuddfinte på Gowran. Kaldt frå gjestane si sisteskanse.
    7'
    Gjestane er skumle når dei får trille ball og heimlaget blir baktunge. Krasniqi får moglegheita og sleivar ballen ein halv meter utanfor målet til Rygg. God posisjon der for Strømsgodset sin nummer 92.
    9'
    Frispark til Gowran og Ready på 28 meters hald. Den skal nok svingast inn.
    11'
    Sætra skal bokse frisparket frå Bråten og det går litt under middels for Godset-keeperen. Likevel er Godset på andreballen og får klarert.
    12'
    Frispark i god posisjon for Godset nær kanten av 16-meteren til Ready. Stengel skal ta den.
    14'
    Grytnes får klarert til hjørnespark.
    14'
    Blir klarert, men Godset beheld ballen.
    14'
    Ready farleg frampå, men Sætra er frampå og plukkar gjennomspelet.
    17'
    Kjempesjanse for Godset! Etter fleire fine kombinasjonar får Gulliksen avslutta, men ballen går rett utanfor stolpen.
    20'
    Grytnes med eit livsfarleg tilbakespel, men reddar seg inn med ei strålande takling!
    21'
    Eit langskudd gjer at Rygg må slå ballen over mål og til corner for gjestane.
    22'
    Ready får klarert.
    22'
    Moses Mawa får avslutta rett utanfor 16-meteren, men ballen går ein drøy meter utanfor.
    24'
    Godset inne i ein kjempeperiode no, men dei manglar framleis scoringa. Dei har hatt fleire gode forsøk etter at dei var litt omstendelege i åpninga av kampen.
    25'
    Krasniqi får avslutta under press frå 16 meter, men sleivar den eit godt stykke utanfor.
    28'
    Gowran på heimelaget utnyttar ein feil, men i mangel på medspelarar gir han det eit forsøk sjølv frå 30 meter. Det er jo lov å prøve, men det vart diverre håplaust i dette tilfellet for heimelaget sin del.
    31'
    Herman Stengel gir uttrykk for sin misnøye med dagens dommar frå Eidskog. Det vil ikkje mannen med fløyta ha noko av, og gir den tidlegare Vålerenga-spelaren tilsnakk.
    33'
    Maigaard Jakobsen får avslutta er gode tendensar frå bortelaget. Rygg blir ikkje satt på noko stor prøve frå dansken og held ballen i fast grep.
    35'
    Moses Mawa får avslutta via Grytnes og Godset får hjørnespark.
    36'
    Klarerast.
    36'
    Krasniqi med ein kjempemoglegheit for bortelaget, når han får rom og tid til å lade kanonen. Skuddet er hardt, men manglar presisjon. Framleis 0-0.
    38'
    Gult kort til Ready Fotball
    Mathias Øfsti Bråten
    No kokar det bra her. Likevel om det er mange involverte i litt småskubbing og kjefting, er det Mathias Bråten som får gult for å stoppe ein overgang.
    41'
    Mikkel Maigaard Jakobsen pressar fram eit hjørnespark for gjestane.
    42'
    Ein handske frå Rygg, gjer at Godset får innkast på motsatt side.
    42'
    Moses Mawa får skutt inne i 16-meteren, men frå litt skrå vinkel har Rygg kontroll nok til å bokse den unna.
    44'
    Ein klarering hjå heimelaget blir sleiva rett over eget bur. Flaks for heimelaget og corner til bortelaget.
    45'
    Får ikkje noko ut av den.
    45'
    Det er lagt til eitt minutt.
    45'+1
    Pause
    45'+2
    Då er det pause på Gressbane Kunstgress (sjølvmotsigande namn?) etter ein mållaus førsteomgang. Det er eit heimelag som forsvarar seg med nebb og klør mot drammensarane. Det er utan tvil gjestane som har tatt styringa, men dei slit framleis med å sette ballen i nota. Ready er tidsvis skumle og er på hugget i det bortelaget gjer feil. Kampen lev framleis, og det kjem den til å gjere så lenge Godset ikkje får omsatt sjansane sine i mål. Før vi tek fatt på andreomgangen, kan ein dra fram litt historie: Gressbanen Kunstgress var landslaget si heimebane frå 1918 til 1927!
    2. omgang
    45'
    Strømsgodset tek avspark og går rett i angrep.
    46'
    Mickelson vil legge inn, men det blokkerast og Godset får hjørnespark.
    48'
    Wow, for ei redning av Rygg! Corneren blir tatt kort og plutseleg får Maigaard avslutta. Ein flott beinparade frå heimelaget si sisteskanse får avverga skotet.
    48'
    Vilsvik er med i angrep og får hovudet på eit innlegg frå Nyhagen. Diverre for Godset går ballen ein drøy meter utanfor.
    50'
    Det skal ikkje vere mogleg. Eit innlegg frå Krasniqi går gjennom heile feltet og Maigaard skal trille den inn i det tommet buret frå 5 meter. Han skyt via stolpen og ut!
    52'
    Omholt hjå heimelaget spelar vegg med ein motspelar og kjem til skudd frå litt skrått hald. Sætra har god kontroll på skotet.
    53'
    Tobias Gram-Caspersen får slått inn foran mål. Der ventar Niro Gowran som skyt ballen over mål på direkten. Grei moglegheit.
    55'
    Der er ikkje ofte uttrykket 'Hawaii-fotball' passar betre enn no. Her bølgar det fram og tilbake. Likevel er Godset det farlegaste laget.
    56'
    Det er eit under at Godset ikkje har tatt leiinga her på Gressbanen Kunstgress. Ei heading frå Gulliksen gjer at Rygg må ut i full strekk. Sisteskansen hjå heimelaget får ei hand på heading og det er framleis mållaust.
    60'
    Spillerbytte - Ready Fotball
    Inn: Franck Kouta
    Ut: Even Omholt
    61'
    Spillerbytte - Ready Fotball
    Inn: Aleksander Fredvik
    Ut: Jesper Lenander
    61'
    Kouta med ein god sikringsjobb og headar ballen ut til hjørnespark for Godset.
    62'
    Ein kort variant kor Mickelson får avslutta. Bra forsøk, men Rygg får slått den unna.
    62'
    Gode kombinasjonar for gjestane. Ny corner.
    63'
    Mawa får hovudet på eit innlegg som kjem etter ein kort variant. Rygg er raskt nede og får redda til corner.
    64'
    Ready får rydda unna.
    64'
    Krasniqi prøver å legge inn, men det blir blokkert og vi får nok eit hjørnespark.
    66'
    Blir blokkert til nytt hjørnespark.
    66'
    Ready får tak i ballen og kan kontre.
    66'
    Gult kort til Strømsgodset
    Andreas Rosendal Nyhagen
    Det klaraste gule kortet i nyare tid i det han tek både mann og stoppar ein god overgang for Ready.
    67'
    Kouta med ei herleg raid, men det ender i at han rugby-taklar Gunnarsson og det blir frispark til gjestane.
    69'
    Frispark til bortelaget ved cornerflagget.
    70'
    Mål for Strømsgodset!
    Ready Fotball 0 - 1 Strømsgodset
    Mål: Niklas Gunnarsson
    Målgivende: Herman Stengel
    Så sitt den for gjestane! Frisparket frå Stengel finn hovudet til Gunnarsson. Midtstopparen stangar kula via tverrliggaren og rett over streken før ballen sprett ut av målet. Likevel er det ikkje tvil: den er inne!
    70'
    Krasniqi stiger til værs på bakre stolpe og får heada. Rett utanfor!
    73'
    Spillerbytte - Strømsgodset
    Inn: Johan Hove
    Ut: Kreshnik Krasniqi
    73'
    Spillerbytte - Strømsgodset
    Inn: Lars-Christopher Vilsvik
    Ut: Moses Dramwi Mawa
    74'
    Det er Ready som treng mål her, men det kan bli vanskeleg. Heimelaget har ikkje greid å skape allverden mot drammensarane så langt i oppgjeret.
    74'
    Kouta jobbar fram eit hjørnespark for heimelaget. Kampens første!
    76'
    Kort variant som gjer at Aleksander Fredvik får avslutta. Utanfor.
    76'
    Spillerbytte - Ready Fotball
    Inn: Marko Nazari
    Ut: Sondre Nordgaard Meløe
    77'
    Niro Gowran ligg nede for heimelaget. Stopp i spelet.
    79'
    Spillerbytte - Strømsgodset
    Inn: Andreas Waterfield Skjold
    Ut: Kristoffer Tokstad
    79'
    Spillerbytte - Strømsgodset
    Inn: Riel Chol Nguen
    Ut: Andreas Rosendal Nyhagen
    80'
    Spillerbytte - Ready Fotball
    Inn: Kasper Kvello
    Ut: Drilon Zeneli
    81'
    Spillerbytte - Ready Fotball
    Inn: David Sarnacki
    Ut: Niro Gowran
    81'
    Godset har mykje ball og Ready har ikkje mange trekk innad i laget før gjestane frå Drammen tek over kula.
    85'
    Gult kort til Ready Fotball
    Fredrik Korssjøen Storløkken
    Stoppar ein overgang.
    85'
    Andreas Waterfield Skjold blir tatt og Godset får frispark på kanten av 16-meteren.
    86'
    Det blir tatt kort og Godset får hjørnespark.
    86'
    Kort variant som ender med frispark og gult kort.
    87'
    Gult kort til Ready Fotball
    Tobias Gram-Caspersen
    Sein takling.
    87'
    Gulliksen skal berre servere Nguen på blank kassse, men det er ikkje heilt riktig samanheng mellom fart på ballen og Nguen som er på vei framover og ballen trillar forbi innbyttaren. Det er utruleg dårleg utnytta.
    90'
    Det er lagt til fire minutter.
    90'+1
    Ready vinn ein corner. Dette kan vere ein god moglegheit!
    90'+3
    Grytnes får avslutta på volley og ballen snik seg utanfor. Det er ein stor moglegheit!
    90'+3
    Kampen er slutt
    90'+5
    Då er det over her på Gressbanen Kunstgress. Strømsgodset er vidare til tredje runde i cupen. Strømsgodset var det beste laget i begge omgangane og det er sånn sett fullt fortjent at det er laget frå Drammen som trekk det lengste strået. Eit hodestøt frå Gunnarsson i det 70. minutt vart matchavgjerande, noko gjestane skal vere sjeleglad for då dei offensive spelarane ikkje fekk hål på byllen. Ready får velfortjent applaus frå dei frammøtte heimesupporterane. Dei stod godt i forsvar og stoppa eit ineffektivt Godset frå å score. No ventar seriestart i Postnord-ligaen for Ready neste helg borte mot Os, medan Strømsgodset møter Sarpsborg 08 i serien om to veker. Arne Inge Solgard takkar for følget og ønskjer dykk alle ein fin søndagskveld vidare.
VG Live er en del av Schibsted. Schibsted er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her