1-0
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande NM-oppgjeret mellom Hødd og Aalesund. Det er duka for ein skikkeleg Sunnmørs-duell på Høddvoll!
    Møre og Romsdal har dominert NM i fotball for menn dei siste sesongane, og heile fem av dei seks seinaste åra har pokalen hamna i Vestlands-fylket. Aalesund og Molde har vunne to av desse, medan Hødd sensasjonelt fekk løfte pokalen i 2012 etter å ha slått Tromsø etter straffespark.
    I nyare tid har Hødd og AaFK møttest fire gongar (2003, 2005, 2008 og 2011). Oransjetrøyene har teke seg vidare ved alle fire høva. Sist dei kjempa mot kvarandre avanserte for øvrig ålesundarane på kontroversielt vis. Hødd såg ut til å klare å halde på 1-0-leiinga til Erik Sandal kampen ut, men på overtid av overtida i 2. omgang klarde AaFK å utlikne ved Daniel Arnefjord. Hødd fekk så nok ein nedtur i ekstraomgangane, då Michael Barrantes sørgja for 1-2 i det 120. speleminutt.
    Hødd og AaFK møttest sist i ein treningskamp i oppkøyringa til denne sesongen, ein kamp blåtrøyene vann 2-1 etter to mål av Eirik Ulland Andersen.
    Laget til Sindre Eid møtte Ålesunds-laget Herd i den 1. runda av NM i år. I runde 2 blei så Fana slått 3-1.
    Aalesund har på si side slått Stryn (3-1) og Strindheim (5-2). I begge desse kampane hamna dei tidleg under, men snudde så greitt til siger til slutt.
    Sjølv om det er divisjonsskilnad på kveldens to motstandarar, kjempar dei i kvar sin ende av dei respektive tabellane. AaFK ligg på 13. plass med berre 12 poeng etter 11 kampar, medan Hødd i augneblinken ligg på 2. og direkte opprykksplass med 21 poeng etter 11 oppgjer.
    Begge laga sine trenarar, Sindre Eid og Trond Fredriksen, spår ein jamn kamp i følgje lokalavisene. Fredriksen understrekar at laget må ta vare på sjansane som byr seg, medan Eid var klar på at høddarane kan slå kven som helst på ein god dag.
    Spelarane er no ferdig med oppvarminga og går i garderobene for ein siste prat før det heile brakar laust.
    Tilskodarrekorden på Nye Høddvoll kom i ligakampen mot Brann då 3.003 tok turen. Det ser ut til at den rekorden blir slått i dag. Ein god del frå AaFK sin Stormen har også teke turen. Bortetribuna er nokså bra oppfylt.
    Tre av spelarane som startar for gjestane i dag har ei fortid i Hødd. Tvillingane Andreas og Oddbjørn Lie hadde fleire sesongar her kvar, før turen etter kvart gjekk tilbake til Ålesund. Latifu hadde også nokre gode år som høgreback for Hødd, før interesse frå nabolaget fekk nigerianaren til å tvinge igjennom ein overgang.
    Kai Erik Steen frå Gneist IL er kveldens hovuddomar. Han dømde faktisk kamp på Høddvoll i helga som var, og fekk då ein del kritikk frå Hødd-hald for scoringa han godkjende til Kristiansund.
    No kjem begge laga ut på bana. Vi er få minutt unna avspark!
    Blåsarane vartar opp med litt blå og kvit røyk, men vinden sørgjar for at det heile forsvinn raskt. Stormen har på si side med seg flagg. Ein fin ramme rundt kampen er det i alle fall!
    Kampen har startet
    Gjestane sparkar i gong oppgjeret.
    1'
    Latifu får lagt inn frå høgre, men Moltu stangar lett unna.
    2'
    Bortelaget med kampens første avslutning. Går over mål.
    2'
    Mange langpasningar og tette duellar i starten her.
    3'
    Frispark til Hødd midt på bana. Skal lempast opp.
    4'
    Endar etter kvart med at talentet Fredrik Aursnes avsluttar høgt over mål. Sikkert ein eller annan unge på parkeringsplassen bak stadion som fekk seg ein ny fotball der!
    5'
    Myklebust slår inn frå venstre. Endar med kampens første hjørnespark.
    6'
    Venstreback Aasbak slår den svakt bak målet til Lie. Må nok berekne vindstyrken her, dødballservitørane.
    6'
    Eirik Ulland Andersen fikk mål annulert
    Ulland Andersen får plassert kula i mål etter flott Hødd-spel, men assistentdomaren flaggar for offside. Den skal bli interessant å sjå i reprise!
    8'
    Kunne ha vore ein draumestart for Hødd, det. Meget bra spel i forkant av 'målet'.
    10'
    Ikkje langt unna at Leke James får tråkla seg gjennom Hødd-forsvaret med ballen. Vertane klarer akkurat å ordne opp.
    10'
    Dødball for Hødd. Halvvegs inne på AaFK sin halvdel.
    10'
    Aursnes prøvar å slå hardt på mål, men han klarer ikkje å løfte den høgt nok og Barrantes kan klarere lett.
    11'
    Innkast til Hødd høgt i bana. Blir teke kjapt.
    12'
    Bjørdal prøvar å drage seg forbi Ingebrigtsen, men Hødd sin høgreback klarer å hindre han i å få med seg ballen.
    13'
    Hødd forsvarar seg veldig djupt når AaFK har ballen.
    14'
    Ikkje langt unna at Orry Larsen får med seg ballen inn mot keeper Falch. Eit Hødd-bein kjem derimot i vegen.
    15'
    Sveen med ei tøff, men rein takling på James. Bortelaget sin spiss blir sitjande på grasmatta og rope på frispark, men blir ikkje høyrt av kampleiaren.
    18'
    Nokre etterslengjarar frå begge lag no. Domar Steen kan få det tøft på jobb i kveld om ting skulle utarte seg.
    19'
    Barrantes slår inn frå venstre. Null oransje spelarar har teke turen inn i Hødd si boks når ballen kjem.
    20'
    Aasbak med ein brukbart innlegg frå venstre. Corner.
    20'
    Aursnes klarer ikkje å løfte kula nok, men får eit nytt forsøk og treff då betre. Går farleg inn i boksa, men endar likevel utover sidelinja.
    20'
    Latifu og Sveen i klinsj. Sistnemnde meinar at han får ein olboge frå motstandaren sin. Steen vinkar nok ein gong spelet vidare.
    23'
    Mykje buing og roping på Høddvoll no. Heimefansen er misfornøgde med mange avgjersler.
    24'
    Frispark til bortelaget. Endar med corner.
    24'
    Aursnes stangar unna.
    25'
    Falch med eit utspark som endar rett i hanskane til målvaktkollega Lie. Sterk vind på Sunnmøre i kveld!
    26'
    Barrantes med dødball for bortelaget. Svakt slått. Karlsen beinar enkelt unna.
    27'
    Gult kort til Aalesund
    Peter Orry Larsen
    Riv ned Karlsen like utanfor eigen sekstenmeter.
    28'
    Frispark i veldig god posisjon for Hødd. Nok ei Ulland Andersen-perle?
    28'
    Andersen avsluttar eit par meter over mål. Ufarleg.
    29'
    Mykje klaging frå Hødd sin nummer 11, Michael Karlsen på domaravgjerslene. Trønderen bør nok heller brette opp ermane og fokusere på å spele fotball.
    32'
    Den første halvtimen av Sunnmørs-duellen er unnagjort på Høddvoll. Kampen har vore prega av mange duellar og småsint stemning mellom spelarane. Heimelaget har hatt éin ball i mål, men domar Steen annullerte.
    34'
    God sjanse for AaFK! Vertane slit med å få klarert etter eit innlegg, og ballen dett til Orry Larsen i god posisjon. 26-åringen prøvar å curle ballen i det lengste hjørnet, men forsøket går utanfor. Kampens beste moglegheit hittil!
    35'
    Mål for Hødd!
    Hødd 1 - 0 Aalesund
    Mål: Magnus Myklebust
    Hødd går i føringa etter ein grusom AaFK-miss! Michael Barrantes har tilsynelatande full kontroll, men så vel han plutseleg å banke ballen på tvers utan å sjå seg for. Kula hamnar rett i beina til Myklebust som takkar og bukkar og hamrar den i mål forbi Lie. 1-0!
    37'
    Nære på at bortelaget svarer! Barrantes viser seg frå ei betre side og speler James heilt fri inne i boksa. Spissen avsluttar bra, men keeper Falch reddar flott. Corner.
    39'
    Endar med ingenting.
    40'
    Karlsen headar unna ved første stolpe.
    40'
    Gult kort til Hødd
    Joakim Wrele
    Held igjen James som er på veg framover. Kampens andre gule kort. Eitt til kvart av laga.
    41'
    Stor sjanse for AaFK! Latifu serverer eit meget bra innlegg frå høgre, og dei oransje får avslutta frå kloss hald. Heimealget klarer med naud og neppe å blokkere.
    43'
    Hødd er heldige som ikkje har sleppt inn mål her no. Sjølv har dei scora på sin eine i kampen.
    44'
    Ingebrigtsen skal kaste langt for Hødd.
    44'
    Ulland Andersen blir felt av James. Frispark til Hødd på 21-22 meters hald.
    45'
    Ulland Andersen set frisparket ein meter til side for mål. Det såg ut som om Lie hadde grei kontroll.
    45'+1
    Pause
    45'+1
    Hødd leiar 1-0 over Aalesund etter dei første 45 minutta av dette 3. runde-oppgjeret av Noregsmeisterskapet. Kampen har vore prega av mange og tette duellar. Heimelaget laga kampens hittil einaste scoring etter ein grusom ballmiss av Barrantes. Tippeliga-laget har elles skapt nok av sjansar til å kome tilbake her, men ein god Falch og eit oppofrande Hødd-forsvar har hindre mål til dei oransje. Kampen har ein valdsam nerve, og vi gler oss stort til 2. omgang!
    2. omgang
    45'
    Frispark for Hødd. Blir slått farleg inn i boksa, før det også blir vinka for offside.
    47'
    Latifu med innlegg frå høgre. Rett i fanget til Falch.
    48'
    Bjørdal med ein slags chipp. Endar over målet til Falch. Var nok meint som eit innlegg.
    50'
    Nære på at Andersen bryt igjennom. Dyrestam gjer ein god defensiv jobb.
    50'
    Bjørdal har mykje rom til å leggje inn, men forsøket går langt forbi alle i oransje drakter.
    51'
    Leke James kjem til avslutning med hovudet. Går over mål. Hødd-målvakta har bra kontroll.
    51'
    Tippeliga-laget styrer alt her no. Hødd blir nok straffa om dette held fram.
    52'
    Nesten for AaFK! Eit innlegg blir stussa farleg bakover og Falch må ut i full strekk for å hindre at ballen snik seg i mål. Corner.
    52'
    Endar med ingenting.
    53'
    Det er Hødd sin tur til å spele i motvind no.
    53'
    Dyrenstam vinn nok ein duell mot Andersen.
    54'
    Barrantes kjem seg heilt fri på kanten sin. Innlegget hans går derimot rett i beina på Hødd-back Ingebrigtsen. Vertane slit her no.
    55'
    Barrantes prøvar å finne Mos med ei langpasning, men ballen går berre heilt inn til Falch.
    56'
    Framleis Hødd-leiing i Ulsteinvik, men AaFK kjem nærare og nærare.
    58'
    Barrantes med ein susar frå distanse. Falch får boksa unna før det blir vinka for offside på Larsen.
    59'
    Heimelaget prøvar seg på ei sjeldan kontring, men pasninga fram til Sveen blir for upresis.
    59'
    Aalesund skal gjere eit dobbeltbyte no.
    60'
    Heimelaget prøvar seg på ein overgang, men Andersen øydelegg med ei svak pasning.
    60'
    James med nok ei avlslutning. Ufarleg over.
    60'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Edvard Skagestad
    Ut: Mikael Dyrestam
    61'
    Offensive endringar frå Trond Fredriksen.
    61'
    Endar med innkast frå motsett side.
    61'
    Hødd klarer berre å halde på ballen i nokre få trekk av gangen.
    63'
    Blir teke kort til Latifu som slår ballen gjennom heile feltet.
    63'
    Veldig nære for AaFK igjen! Ballen blir slått inn i feltet, Falch er utspeld, men ballen vil likevel ikkje i mål. Kor lengje kan heimelaget klare å stå imot her?
    64'
    Ulland Andersen kjem til skot. Over mål.
    64'
    Frispark til bortelaget i veldig god posisjon for innlegg.
    65'
    Mattila står klar.
    65'
    Finnen går for skot, men Falch får fista unna.
    66'
    Hødd får overteke, og blåtrøyene får også eit kjærkoment frispark.
    66'
    Gult kort til Aalesund
    Oddbjørn Lie
    Lie prøvar å stoppe ein Hødd-spelar på veg framover og får eit fortent gult kort.
    67'
    AaFK kjem på kontring, men innlegget frå Latifu går bak mål.
    67'
    Også Hødd-trenar Sindre Eid skal føreta ei endring på laget sitt.
    68'
    Barrantes feller Sveen på veg framover. Dødball til Hødd i brukbar posisjon for innlegg.
    68'
    Blir slått inn i boksa, men gjestane får rydda unna.
    69'
    Karlsen hindrar ein AaFK-overgang, og slepp utruleg nok det gule kortet.
    69'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Torbjørn Kallevåg
    Ut: Michael Karlsen
    Hødd tek ut oppspelspunktet sitt, men set samtidig inn ein med meir fart.
    69'
    Mattila lempar opp i Hødd si boks, men Törnqvist kontrollerer ballen utover sidelinja.
    71'
    Kallevåg har fått seg ein smell og må ta seg ein tur ut på sidelinja.
    72'
    Bortelaget kontrar. Hødd klarer likevel å ordne opp.
    73'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Aron Elís Þrándarson
    Ut: Mustafa Abdellaoue
    Ein fullstendig anonym Mos går av til fordel for Thrandarson.
    74'
    Bortelaget har brukt opp alle sine tre byte no.
    74'
    God sjanse for Hødd! Eit langt innkast blir stussa bakover og Kallevåg kjem til ei heading frå kort hald. Lie er derimot bra plassert og plukkar kula greitt.
    75'
    Latifu med eit godt innlegg, men ballen sklir av skallen på James.
    76'
    Bortelaget får frispark heilt på hjørnet av Hødd sin sekstenmeter.
    77'
    Mattila nok ein gong.
    77'
    Matilla avsluttar på mål, men Falch reddar bra! Nok eit godt forsøk av gjestane.
    78'
    James får heada på mål frå fem meters hald, men blir samtidig korrekt avvinka for offside. Falch stogga uansett forsøket.
    78'
    AaFK vinn ballen kjapt tilbake så snart Hødd får låne den.
    79'
    Kallevåg fører for Hødd, men misser den kjapt.
    80'
    Fredrik Aursnes kjem til eit sjeldant skot frå 18-19 meter. Over målet til Lie.
    80'
    Vi er inne i dei ti siste minutta av oppgjeret. AaFK har trykket og produserer bra med sjansar, men hittil har Hødd halde unna.
    81'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Bendik Torset
    Ut: Magnus Myklebust
    Kampens hittil einaste målscorar går av til fordel for grovarbeidaren Torset. Definitivt eit defensivt byte av Sindre Eid.
    81'
    Falch får boksa unna. Bortelaget beheld ballen.
    82'
    Heimepublikummet gjer sitt for å støtte Hødd no. Dei går nokre nervepirrande minutt i møte.
    83'
    Heimelaget kontrar, men Sveen blir for fiks og øydelegg det heile ved å prøve å slå ei pasning med utsida av foten.
    84'
    Hødd er nære ved å tråkle seg igjennom, men diverre blir det vinka for offside.
    86'
    Gult kort til Aalesund
    Michael Barrantes
    Lagar eitt av mange frispark i dag og får til slutt det gule kortet.
    86'
    Frispark for Hødd. Midt på bortelaget sin halvdel.
    87'
    Lie lempar opp, men Hødd får rydda unna.
    88'
    Gult kort til Aalesund
    Edvard Skagestad
    Skagestad feller Magnussen på veg framover. Kunne kanskje ha gitt Hødd fordel der.
    89'
    Innkast for heimelaget. Brukar sjølvsagt bra med tid i alle situasjonar no, blåtrøyene.
    90'
    Latifu med eit svakt innlegg som Lie plukkar lett.
    90'+1
    Minumum tre minutt med tillegg her.
    90'+1
    Dei aller fleste på Høddvoll hugsar nok sist Hødd leia mot AaFK i cupen. Då kom det mål på overtid.
    90'+2
    Slår corneren håplaust ut på motsett side. Utspel frå Lie.
    90'+2
    Andreas Lie med ballen. Lempar opp.
    90'+2
    Latifu med eit skot som går like utanfor.
    90'+3
    Keeper Lie boksar ballen i mål!
    90'+4
    Gult kort til Aalesund
    Andreas Lie
    90'+4
    Kampen er slutt
    90'+4
    Hødd har slått ut Aalesunds FK av NM!
    Det har vore eit vanvittig drama på Høddvoll! Heimelaget tok leiinga i 1. omgang etter ein stor miss av AaFK sin Barrantes. Etter pause hadde gjestane eit stort ballinnehav, men utan å kome til altfor mange store sjansar. Dei oransje klarde heller ikkje det viktigaste, nemleg å score, og dermed kunne Hødd til slutt juble.
    Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
VG Live er en del av Schibsted. Schibsted er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her