Serieleiar Sogndal møter eit av dei gjerrigaste bortelaga i Adeccoligaen, Strømmen (3-6 i målskilnad på sju bortekampar). Sogndal vann vårkampen der Espen Olsen vart matchvinnar. Olsen som starta fotballkarrieren i nettopp Strømmen, står til no med sju seriemål for Sogndal. Det same har Strømmen sin Andreas Moen med fortid i Sogndal. Kven av dei finn vegen til nettmaskane i dag? Olsen får med seg veteranen Håvard Flo frå start i dag. Hjå Strømmen er den gode midtstopparen Johan Nås ute med tre gule kort. Det svekkar nok bortelaget og gjer Sogndal til klar favoritt på Fosshaugane. Likevel, Strømmen har vist klar formstigning den siste tida, så Sogndal må vakta seg for nykomlingen i grått.
1
Kampen er igang.
3
Sogndalfrispark av Per Egil Flo, men rett i strømmenmuren.
4
Hjørnespark! PER EGIL FLO (Sogndal) For lang ball og forbi alle.
5
Sogndal styrer i opninga, men ingen sjansar til no.
6
Farleg sogndalvisitt. Barry Kader skyt utanfor frå skrått hald.
7
Andreas Moen prøver seg, men dårleg avslutning utanfor.
11
Ny farleg sogndalvisitt. Espen Olsen når ikkje opp på innlegget frå Halvorsen.
13
Hjørnespark! ANDREAS MOEN (Strømmen) Elvis avklarar og headar utover. Strømmen og Nikclai Djupesland avsluttar med skot utanfor.
15
Hjørnespark! OLE JØRGEN HALVORSEN (Sogndal) Halvorsen-skot til corner. Strømmen headar ballen ut.
16
Sogndal kontrollerer det meste på Fosshaugane. Strømmen berre sporadisk i angrep.
18
Hjørnespark! PER EGIL FLO (Sogndal) Espen Olsen på veg gjennom, men strømmenforsvaret avvergar til corner. Håvard Flo høgt oppe og headar knallhardt. Kim Hording reddar glimrande.
18
Headar knallhardt etter corner.
20
Sogndal trøkker på. Furebotn skyt over.
21
Hjørnespark! OLE JØRGEN HALVORSEN (Sogndal) Enormt køyr mot Strømmen no. Håvard Flo skyt via forsvarsspelar til corner. Avslutning utanfor av Grorud.
22
Espen Olsen skyt like over på innlegg frå Halvorsen.
23
Christer Jensen friskt raid på høgresida. Andreas Moen skyt dårleg utanfor på pasninga.
25
Elvis og Furebotn styrer Sogndal si midtbane i kjent stil. Slepp aldri Strømmen til, og begge er skapande og kreative i tillegg
26
Dårleg avslutning av Barry Kader frå god posisjon. Håvard Flo let ballen gå til ein udekka Kader.
27
Hjørnespark! PER EGIL FLO (Sogndal) Strømmen ute og køyre no. Håvard Flo skyt igjen til corner. Utruleg dobbelredning av keeper Hording!
27
Hjørnespark! OLE JØRGEN HALVORSEN (Sogndal) Avklaring til ny corner. Og denne gongen er det blinkskot frå Even Hovland.
27
Mål! EVEN HOVLAND. Målscorer for Sogndal Even Hovland var på rett plass etter corner frå Halvorsen. Styrer ballen inn i hjørnet. Fortent sogndalleiing.
30
Mål! ESPEN OLSEN. Målscorer for Sogndal Espen Olsen nikkar inn 2-0 målet etter at Håvard Flo heada ballen ned til toppscoraren som putta sitt åttande mål for sesongen. Sogndal overkøyrer Strømmen no.
32
Andreas Moen prøver seg på frispark frå 25 meter. Via sogndalbein til corner.
33
Hjørnespark! ANDREAS MOEN (Strømmen) Grorud headar utover.
36
Strømmen ser ut til å ha mista mykje av gløden. Blir pressa langt tilbake.
37
Gult kort! HENRIK NORDNES (Strømmen) Kjeftbruk etter frispark i mot.
40
Frispark frå 20 meter. Jonas Rygg skyt høgt over. Svakt.
41
Hjørnespark! OLE JØRGEN HALVORSEN (Sogndal) Strømmenforsvaret hardt pressa. Elvis skyt og det blir ny corner.
42
Hjørnespark! PER EGIL FLO (Sogndal) Espen Olsen på rett plass igjen. Dyttar ballen enkelt i mål.
42
Mål! ESPEN OLSEN. Målscorer for Sogndal Espen Olsen heilt åleine og scorar enkelt etter corner frå Per Egil Flo.
44
Total sogndaldominans der duoen Elvis/Furebotn driv spelet fram. Strømmen heilt på hælane no. Kampen verkar køyrt for gråtrøyene allerede.
44
Gult kort! BARRY KADER (Sogndal) Stempling av strømmenspelar.
45
Sogndal har dominert totalt frå avspark. Strømmen lever opp til draktfargen i dag. Grått og lite å by på.
PAUSE (3 - 0)
46
Bytte: Ut Christer Jensen Inn Nikolai Hagen
46
Kampen er igang igjen.
49
Frispark frå skrått hald. Per Egil Flo til Furebotn som skyt like over.
51
Jakirovic skyt langt utanfor.
52
Bytte: Ut Barry Kader Inn Mats Solheim
54
Sogndal held fram med offensivt spel og aggressivt forsvarsspel i midtbaneleddet. Strømmen slit med å skapa noko som helst.
56
Hovland/Furebotn rotar på eigen halvdel, men Moen skyt svakt over frå 20 meter.
57
Hjørnespark! ANDREAS MOEN (Strømmen) Moen slår ballen i sogndalforsvarar til corner. Avklaring til ny corner.
58
Hjørnespark! ANDREAS MOEN (Strømmen) Sogndal avklarar og har kontroll.
60
Gult kort! FREDRIK NILSEN (Strømmen)
60
Elvis centimetrar frå frispraket til Flo.
62
Mål! HÅVARD FLO. Målscorer for Sogndal Håvard Flo scorar enkelt etter at Furebotn skaut i stolpen. Flott førearbeid av Mats Solheim på venstrekanten.
64
Elvis fekk ein trøkk i duell med strømmenspelar. Er klar igejn etter liten pause.
66
Bytte: Ut Espen Olsen Inn Tommy Øren
67
Hjørnespark! PER EGIL FLO (Sogndal) Strømmen avklarar til ny corner.
68
Hjørnespark! OLE JØRGEN HALVORSEN (Sogndal) Strømmen feiar unna.
70
Serieleiar Sogndal leikar seg mot Strømmen no. Store rom på midtbana som Sogndal veit å utnytta.
70
Gult kort! SHKODRAN REXHAJ (Strømmen) Sparkar ned Per Egil Flo. Får sitt tredje gule kort for sesongen.
75
Mål! TROND HAUGSTAD. Målscorer for Strømmen Kjempetabbe av Lars Grorud som bommar på ballen. Haugstad får det lett og vippar ballen i mål.
76
Hjørnespark
78
Bytte: Ut Aye Elvis Inn Ørjan Hopen
80
Sogndal i ferd med å "parkera" for dagen. Strømmen yppar seg. Corner.
80
Hjørnespark! JONAS RYGG (Strømmen) Sogndal dunkar ballen ut.
83
Sogndal har mista rytmen i spelet no. Tryggar leiinga og går mot grei siger. Dermed legg dei Fredrikstad fire poeng bak seg på tabellen.
85
Tommy Øren prøver venstrefoten, men ikkje av gamalt, godt merke.
85
Bytte: Ut Shkodran Rexhaj Inn Emilio Garcia
Garcia debuterer for Strømmen.
87
Mål! TOMMY ØREN. Målscorer for Sogndal Håvard Flo stussar elegant vidare til Øren som enkelt kan styre ballen i mål. Fint innlegg frå Halvorsen i forkant.
88
Fem år sidan Øren scora på Fosshaugane sist, mot Moss den gongen i 2005.
90
Kanonskot av banens beste spelar, Henrik Furebotn. Hording med feberredning ti corner.
90
Hjørnespark! PER EGIL FLO (Sogndal) Håvard Flo headar utanfor
90
Sogndal vann heilt fortent 5-1 mot svake Strømmen. Henrik Furebotn var stor hjå heimelaget som dominerte kampen totalt. Fem mål er bra, men det kunne fort blitt eit par til. Espen Olsen trivst i spann med superveteran Håvard Flo. No har ex-strømlingen ni mål på samvitet. Sogndal styrka posisjonen i toppen av tabellen. Fire poengs forsprang på Fredrikstad kan bli godt å ha med seg.